Meny

Silda på rød løper? (2)

article image Foto: Norges Sildesalgslag

Filmen "Havets Sølv" er nominert til Amandaprisen i kategorien Beste dokumentarfilm. Filmskaper Are Pilskog har dokumentert det fantastiske fenomenet med sildegyting på Mørekysten.

14.08.2012 15:24
I februar kvart år blir enorme havsletter utanfor Møre dekt av eit kvitt teppe av sildeegg. Berre egga tilsvarar 3 gonger vekta av det norske folk. Men det er få sildeegg som blir til ny sild, skriv Fiskebåt i sin omtale av dokumentaren.

Silda vandrar opp og ned langs kysten vår og gir liv til fisk, fugl, kval og ikkje minst til oss menneska. Vi tek i dag ut nok sild til å brødfø heile Noreg si folkemengd heile året.

Filmteamet filma dei enorme stimane i havet slik du aldri har sett dei før. Ein fjernstyrt miniubåt (ROV) tek oss med ned der ingen menneske har vore før, på 50 meters djup, for å sjå sildeegga på havbotn.

Den vakre lundefuglen er heilt avhenging av at sildeegga skal bli til sildelarver og etterkvart sildeyngel. Kjem ikkje sildeyngelen forbi fuglefjella til rett tid, må lunden gi opp ungen for å berge seg sjølv. Det har skjedd fleire år på rad, skriver Fiskebåt 


Amandaprisen blir delt ut under Den norske filmfestivalen i Haugesund 17. august. "Havets Sølv" konkurrerer med filmene "Folk ved fjorden" og " Sju-kammers-frontsøstrene".

Man kan sjå filmen på NRK-nett her: