Nytt regelverk for fartøy under 15 meter
- Vi er svært nøgde med å endeleg få fastsett dette regelverket, som vi trur vil medverke til færre ulukker i den minste fiskeflåten, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen om det nye regelverket for fartøy under 15 meter.
29.11.2013 08:03Den nye forskriften sett sett punktum for eit langvarig arbeid i
direktoratet.
Regelverket inneber at ein slår saman sju forskrifter, og på den
måten gjer regelverket enklare å finne fram i for brukaren. I
tillegg inneber forskrifta at det på sikt blir innført førstegongs
kontroll av alle fiskefartøy over 8 meter, og periodisk kontroll av
alle fartøy over 9 meter. Sjøfartsdirektoratet vil nytte Godkjente
føretak for denne kontrollen, slik det i dag blir gjort for fartøy
mellom 10,67 og 15 meter. I denne kontrollen inngår det og at det
skal utarbeidast stabilitetsberekningar for alle fartøy over 8
meter, og desse berekningane skal kontrollerast i samband med
førstegongs kontrollen av fartøyet. Innfasing av desse krava vil
skje over ei viss tid, jf. vedlagte tabell. Vidare blir det kravd
ei oppdatering av radioutstyret, men dette kravet vil først tre i
kraft 10 år etter at førstegangskontroll skal gjennomførast.
Forskrifta inneber og at det på ein del områder blir lempeligare
krav enn det som gjeld i dag, mellom anna opnar ein for eit utvida
kontrollintervall for redningsflåtane, og det blir opna for større
fleksibilitet i fartsområdeavgrensingane på sommartid.
- Det er no over to og et halvt år sidan vi første gang sende
forslag til dette regelverket på høyring, og det har vore ein lang
prosess med mykje dialog med næringsutøvarane. Regelverket vi no
fastset er eit resultat av denne dialogen, og kjem som følgje av
eit kompromiss med Norges Fiskarlag, seier underdirektør Yngve
Folven Bergesen ved Sjøfartsdirektoratet si avdeling for
fiskefartøy.
Se hele forskriften og flere detaljer hos Sjøfartsdirektoratet her: