Ny ”Dr. Fridtjof Nansen"
- Gledeleg nytt for Havforskingsinstituttet, men enno viktigare for samarbeidslanda våre, seier Åsmund Bjordal etter at det vart kjent at regjeringa løyver 440 millionar kroner til eit nytt forskingsskip.
19.09.2012 11:37Dette skriver Havforskningsinstituttet:
Det nye skipet skal stå klart i 2016. Då overtek det namnet og
oppgåvene til dagens 20 år gamle "Dr. Fridtjof Nansen". Skipet har
stått for storparten av økosystemtokta i regi av Nansen-prosjektet,
som har drive fiskeribistand i ei rekkje land i den tredje verda
sidan 1975.
Åsmund Bjordal er leiar for Fiskerifaglig senter for Utviklingssamarbeid på Havforskingsinstituttet, som driftar "Dr. Fridtjof Nansen". Instituttet har også ansvaret for dei vitskaplege resultata i Nansen-prosjektet, som nyleg vart plukka ut som ei av ti "suksesshistorier" i FN sitt store matvareprogram. Bjordal peikar på at eit nytt forskingsskip er heilt avgjerande for ei vidareføring av Nansen-prosjektet.
- I dag skal vi driva forsking på fleire frontar: klima, havforsuring, økosystemforsking og marin biodiversitet. Eit moderne forskingsskip vil gjera oss i stand til å møta desse utfordringane.
Målet om framtidsretta bistand og tverrfagleg forskingsinnsats om bord på nye "Dr. Fridtjof Nansen" vert også trekt fram av utviklingsminister Hekki Holmås, som kom med nyhenda om forskingsskipet.
- "Dr. Fridtjof Nansen" og Nansen-prosjektet er eit heilt konkret eksempel på ein internasjonalt anerkjent bistandssuksess. Med eit oppdatert skip kan vi vidareføra og utvida dette viktige arbeidet. Effektiv miljøovervaking og kartlegging av levande marine ressursar blir spesielt viktig med tanke på den aukande oljeaktiviteten utanfor kysten av Vest-Afrika, seier Hekki Holmås. Han understrekar også den viktige rolla fiskeribistand spelar i arbeidet med å bekjempa matmangelen i verda.