Foreslår økt fiskerfradrag
I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å auke fiskarfrådraget, samtidig som at satsen for CO2-avgifta blir auka. - Forslaget vil stimulere til eit meir energieffektivt fiske. Avgiftsauken blir kompensert med auke i fiskarfrådraget, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
14.10.2013 11:04For å stimulere til eit mest mogleg energieffektivt fiske, vart
fritaket for CO2-avgift på mineralolje til fiske og fangst i nære
farvatn oppheva i budsjettet for 2013. I staden vart den innført
ein låg sats tilsvarande 49 kroner per tonn CO2. I budsjettet for
2014 foreslår regjeringa at satsen blir auka slik at han tilsvarar
98 kroner per tonn CO2 i 2014. Endringa er rekna å gi om lag 30
millionar kroner meir i avgiftsinntekter.
Regjeringa foreslår at satsen i fiskarfrådraget stig frå 30 til 34
prosent, og at øvre grense for frådraget går opp frå 150 000 til
167 000 kroner. Endringa er rekna å gi ein skattelette for næringa
på 30 millionar kroner.
I revidert budsjett 2013 varsla regjeringa at skatten på
næringsinntekt for personleg næringsdrivande skal reduserast
tilsvarande som for selskap. For fiskarar betyr dette at den nye
satsen for trygdeavgift blir redusert frå 7,8prosent til 7,08
prosent. Endringa inneber ein skattelette på om lag 30 millionar
kroner.
Regjeringa foreslår at produktavgifta aukar til 3,6 prosent i 2014.
Satsen i andre halvår 2013 er 3,0 prosent. Bakgrunnen for
avgiftsauken er sterk vekst i berekna kostnader knytt til a-trygd
for fiskarar, kombinert med redusert overslag for
førstehandsverdien. A-trygd for fiskarar er ei sjølvfinansieriande
ordning. Endringa er rekna å auke avgiftsinntektene med 67
millionar kroner.
Frå forskingskvotar til avgift
Regjeringa foreslår å leggje om systemet med forskningskvotar frå
2014. Størstedelen av dagens fiskekvotar til forskings- og
overvåkingsformål vil bli frigitt til ordinært fiske. Samstundes
skal forsking, overvaking og reiskapsforsøk som tidlegare har vorte
finansiert gjennom tildeling av forskingkvotar, finansierast
gjennom inntekter frå ei ny fiskeriforskingsavgift. Forskingskvotar
skal etter omlegginga berre bli tildelt for undervising, naudsynt
fangst på forskingsfartøy og i einskilde andre særtilfelle.
Inntektene frå avgifta skal samsvare med gjennomsnittleg
førstehandsverdi av forskingsfangsten for åra 2010 til 2012,
fråtrekt verdien av dei forskings- og undervisningskvotane som
framleis vil bli avsett. Det tilsvarar 151 millionar kroner.
Fiskeridirektoratet har vurdert den samla førstehandsverdien frå
norske fiskeri i 2014 til 11,2 milliardar kroner. På denne
bakgrunnen er avgiftssatsen rekna til 1,35 pst.
Kilde: FKD