Meny

Fann mest sild vest av Lofoten

article image Foto: FishFact (2023)

De viktigeste gytefeltene for NVG-silda er nå i området vest av Lofoten og Røst, viser toktrapport

29.03.2023 14:26

Havforskningen har lagt ut toktrapporten fra årets gytetokt på NVG-sild. Dette melder HI

 

Kor ville forskarane først møte silda då dei jobba seg nordover frå Stad om bord på «Eros» og «Vendla», 13.-26. februar?

Svaret var Røst, altså endå lengre nord enn Træna i fjor. Dei største mengdene stod konsentrert vest av Lofoten.

– Anslaga våre tyder på at heile 87 prosent av silda stod vest av Lofoten, og kring 10 prosent vest av Vesterålen. Toktfunna frå dei siste to åra pluss fiskeriet tyder på at det viktigaste gyteområdet for nvg-silda no er i området vest av Lofoten og Røst, seier havforskar og toktleiar Are Salthaug.

Han viser til at silda heller ikkje i år har vandra sør til Buagrunnen og dei historiske viktige gyteområda utanfor mørekysten.

Rekna i vekt såg forskarane 18 prosent meir sild enn på toktet i fjor. Men usikkerheita i målingane var langt større.

 Det er fordi silda stod veldig klumpvis i år. Dermed varierte dei akustiske observasjonane våre mykje, og nokre få sterke registreringar drog opp totalen, forklarer Salthaug.

Den sterke 2016-årsklassen utgjorde 42 prosent av fangstane (i vekt) og dominerte dermed bestanden.

På andre plass har vi dei no ti år gamle fiskane frå 2013 som utgjorde om lag 12 prosent av bestanden, målt i vekt.

– Silda var kome kortare i modninga enn i fjor, som kan tyde på seinare gyting – ganske likt som i 2019, fortel Salthaug avslutningsvis.

 Klikk her for å gå til rapporten.

 

Fakta om sildegytetoktet

  • Årleg tokt som kartlegg innsiget av gyteklar, norsk vårgytande sild til kysten.
  • Overvaker silda langs forhandsbestemte kurslinjer (transekt) med ekkolodd, og trålar på bestemte stader (stasjonar) for å få biologiske prøver av silda.
  • Prøvane gir blant anna informasjon om alderen til silda, altså kor mykje det er av dei ulike årsklassane.
  • Årets tokt gjekk med leigefartøya "Vendla" og "Eros" 13.-26. februar