Årsmøtet i gang - styreleders tale
Lars Ove Stenevik, styreleder i Sildelaget, taler på årsmøtets første dag i Oslo
03.05.2023 08:00Tale – Årsmøte 2023 – Lars Ove Stenevik, Styreleder Norges Sildesalgslag
Årsmøteutsendingar, statssekretær, stortingsrepresentantar og andre møtedeltakarar
Det er ei stor glede for meg å ynskje dykk alle velkomne til Sildelagets årsmøte her i Oslo, det 96. i rekka. Det er altså ein tradisjonsrik organisasjon eg og de her i salen representerer eller er ein del av. Men me skal ikkje bruke tida vår i lag til berre å vere nostalgiske og snakke om ting som har vore. Målet for oss alle er å vere framoverlente, ta med oss den lange erfaringa me har, bruke dei nye ideane og tankane som er komne fram og saman finne dei gode og rette løysingane på utfordringane våre. Det skal me gjere saman med myndighetene og resten av næringa. Ingen av partene i denne næringa kan lukkast kvar for seg. Godt samarbeid er nøkkelen framover.
Tradisjonen tru vil me minnast våre yrkesbrødre- og søstre som ikkje lenger er med oss. Eg vil nemne Ola Olsen frå Olsengruppen som gjekk bort tidlegare i år. Ola var en markant skikkelse i næringa. Han var reflektert og gjennomtenkt, ein som alltid sa meininga si. Han var eit aktivt medlem i Sildelaget og bidrog alltid med å stille spørsmål til myndigheter og oss sjølve om utviklinga i næringa. Til minne om Ola og andre som har gått bort i året som er gått, ber eg om at me reiser oss og har eitt minutts stillhet til minne om desse.
Tusen takk!
Me gjennomførte eit flott valg i haust. Me hadde som mål å få minimum 6 kvinner inn som årsmøteutsendingar, me greidde 11 med 5 som vara. Ein av årsmøteutsendingane var tilmed gjest i fjor som ungdomsrepresentant, så også blant dei unge har me gjort ein betre jobb ved sist valg. Eg vil særleg ynskje velkommen ungdommen me har invitert i år, og oppfordrar alle til å ta en prat med dei desse to dagane me skal vere i lag. Rekruttering inn til denne næringa er viktig. Me må få inn smarte hovuder og flinke hender som kan drive dei pelagiske fiskeria vidare.
I år er det også politisk valgår. Me har difor tatt turen til hovedstaden for å få med oss politikarane som skal setje retning for utviklinga. Det skal dei gjere i lag med oss andre som har vårt arbeid i ulike deler av denne viktige primærnæringa. Det store verdsbiletet endrar seg raskt, noko som også verkar inn på vår bransje. Det er me som jobbar om bord i fiskebåtane, på kaikanten, på mottaka og ute i markedet som veit kor skoen trykker. Men det er Stortinget som set spelereglane, og då er det viktig at me alle møtes for å få ut den beste politikken, både for samfunnet og næringa.
Så vil eg gjerne ynskje Sildelaget sin nye administrerande direktør, Jonny Berfjord, velkomen til sitt første årsmøte i denne stillinga. Det siste året har vore ein utfordrende periode, men alle på Sildelaget har stått på, tatt ansvar og gjennomført alle tenestene som fiskarane og kjøparane ventar seg av vår organisasjon. Det skal me sjølvsagt halde fram med. Sildelaget skal vere den viktige aktøren i næringa som utfyller sitt samfunnsoppdrag på ein måte som tjener alle aktørar, små og store.
Då me møttest til årsmøtet i fjor, hadde den fryktelege krigen i Ukraina gått føre seg i tre månader. Slagmarkene i Ukraina, eitt år seinare, er framleis blodige. Norge har vist stor velvilje til å ta imot ukrainske flyktningar som nå vert integrert i samfunn rundt om i landet. Nå vil me håpe at krigen vert avslutta, og at Europa igjen får oppleve fred. Uroa rundt krigen har også påverka oss som fiskerinasjon. Høge energiprisar, internasjonal politikk og urolige marknader med nedsett kjøpekraft er utfordrande. Likevel opplevde Norge eit rekordår i fiskeeksport, rundt 151 milliarder kroner, godt hjulpe av ei svak krone og høge førstehandsprisar. Dette viser at Norge er ein sikker matleverandør til store deler av verda.
Nå er me samla her i to dagar for å snakke om Sildelaget sitt samfunnsoppdrag, og korleis me skal løysa dette oppdraget i tida fremover. Me har også utfordra politikarane og næringsaktørane i debatten til å seie korleis dei ser på samfunnsoppdraget til Sildelaget, og eg ser fram til å høyre deira svar. Sildelaget nærmar seg 100 år med stormskritt, men det er ikkje ein gammeldags 100- åring me snakkar om her, ikke ein som har grodd fast i fortida.
Sildelaget har i alle år vore i forkant av utviklinga. Eg nemner auksjonen, kontroll, avrekning, IT-løysingar og mykje anna. Noko er hjulpe fram av krav fra fiskarane, kjøparane, myndigheter og samfunnet rundt oss. Den utviklinga skal me halde fram med.
Rett nok vart Sildelaget oppretta for å ivareta fiskarane sine interesser i handelen med fisk då Norge var eit fattig og annleis land enn det det er i dag. Nå, gjennom Fiskesalgslagslova, er samfunnsoppdraget til Sildelaget å auke verdiskapinga for heile den pelagiske fiskerinæringa. Me skal utøve våre forvaltningsoppgåver, og me skal sikre god ressurskontroll. Vidare skal me vere garantisten for ein open og transparent markedsplass for fartøy og kjøparar.
Dette betyr at me må ha tillit hos alle me samhandlar med. Den tilliten kjem ikkje berre av å gjera det me alltid har gjort. Me må heile tida utvikle oss i takt med samfunnet rundt oss, og dei krava og den utviklinga som vedkjem industrien, markedet og myndighetene.
Me er godt nøgde med at politikarane frå alle parti er samde om at Fiskesalgslagslova og Deltakerlova skal stå fast, då dei har tjent fiskerinasjonen Norge godt. Det ser me klart både blant fiskeflåten og kjøparane. Eksportnasjonen Norge og service-næringa som har vokse fram, kan takke den lovggjevinga me har i Norge. Den sikrar at me har ein stor og variert fiskeflåte og mykje aktivitet langs heile vår langstrakte kyst.
Men suksessen i norsk fiskerinæring har ikkje kome gratis. Strukturering, både på sjø og land, har vore ei utvikling i mange år. Den kostnaden har næringa sjølv tatt. Nå ser me ein gevinst i form av lønsam flåte og i ein lønsam industri. Dette medfører også god rekruttering til næringa. Då er det viktig at politiske myndigheter legg til rette for at denne veksten kan halde fram med stabile og langsiktige rammevilkår.
Norge eig og forvaltar store fiskeriressursar. Dette er flåten sett til å fiske, og by ut til kjøparane for å produsere og selge. Sildelaget og dei andre salgslaga skal organisere, drive og utvikle omsettinga av desse fiskeressursane, til nytte for alle aktørane og heile samfunnet. Samfunnsoppdraget til Sildelaget heng altså saman med fisken sin betydning for heile kysten og for heile landet. Slik har det vore heilt fra starten i 1927 då fiskarane vart organisert og omsettinga regulert.
Sildelaget held fast på auksjon som primær omsettingsform, dette for å auke den totale verdiskapinga. Det gir flåten markedspris, og det gir alle på landsida mulighet til å kjøpe fisken til rett pris. I tillegg sikrar Sildelaget at kontroll og openheit av ressursuttak i pelagisk fiskeri er ivaretatt. Dette gjer me for at det skal vere ei bærekraftig næring som veks og utviklar seg.
Det er ikkje til å unngå at eit salgslag som Sildelaget vil havne i diskusjonar med både kjøparane, myndighetene og sågar fiskarane når ein sit med slike sentrale forvaltingsoppgåver. Sildelaget skal som sagt lage reglar som passar på at både små og store fartøy, så vel som små og store fabrikkar, skal ha tilnærma like muligheter til å selge og kjøpe fisk. I tillegg skal kontrakten med myndighetene, altså gjennom Fiskesalgslagsloven, verta oppretthalden. Sildelaget står også for ein økonomisk sikkerhet for fiskarane.
Når det kjem store endringer i samfunnet, kallar me det ofte for brytingstid. Om ein er pessimistisk av natur, kan små endringar karakteriserast som brytingstid. Ser ein derimot på saka i ettertid, kan det hende det berre var ei naturleg utvikling som ville ha kome uansett. Prisinformasjonssaka, som me skal høyre meir om seinare, kan sjåast på som ei brytingstid; noko som har vart lenge, er endra. Men då gjeld det å diskutere seg frem til enighet og finne løysingar som sikrar at begge partar har tillit til Sildelaget sin marknadsplass.
Sildelaget omsette for 11,4 MDR NOK i fjor. Når så store verdiar skiftar hand frå fiskar til kjøpar, vil det alltid vere utfordrande å gjere alle til lags.
Forvaltingsoppgåvene vil vere ein pendel som heile tida svingar fram og tilbake. Denne pendelen som driv klokka inn i framtida, krev at fiskerinæringa er vital og framtidsretta. Slik har det eigentleg vore til alle tider, og slik kjem det også til å vere framover. Og då er me tilbake til det alle er avhengige av; godt samarbeid, gode løysingar som står seg over tid og evna til å diskutere oss fram til nettopp dei gode løysingane som skal gjelde alle aktørar. Dette håper eg me får til på dette årsmøtet og i tida som kjem.
Forutan å høyre på politikarane og næringsaktørane i debatt om fiskeripolitikk og Sildelaget sitt samfunnsansvar, skal me på årsmøtet også høyre frå Havforskningsinstituttet og Sjømatrådet om markedsarbeidet for norsk sjømat. Det kan verke som ein lang veg frå kvoteråd på til dømes makrell, til fisken vert servert på en fancy restuarant i Asia. Men begge deler er viktige for næringa.
Sildelaget er avhengig av god og ressurssterk forskning for å sikre at me maksimerer dei fiskeressursane me har tilgong til. Sildelaget jobbar tett saman med forskninga, slik som resten av næringa også gjer, og me har gjensidig nytte av og respekt for kvarandre. Fangstprøvelotteriet og flåten sin vilje til å stille med fartøy for toktprogram, er nyttige for alle partar. Sildelaget er likevel bekymra for at budsjettkutt vil redusere ressursforskninga, og at kvoteråda framover vil verte dårlege.
Fiskeflåten betaler inn ein stor sum i forskingsavgift, og me forventar at denne går til forsking på ressursane me fiskar på. Å bomme på kvoteråd betyr at store verdiar går tapt for nasjonen. Det er av stor viktighet at dette forskingsarbeidet vert prioritert. Sildelaget er også opptatt av at sjøpattedyr får nødvendig forsking, så bestanden kan vere rett, og gi oss den maksimale avkasting av alle marine ressursar.
Sildelaget vil og berømme det gode markedsarbeidet som vert gjort av Sjømatrådet, over heile verda. Me er også glade for at me får bidra med deltaking i markedsgruppa for pelagisk fisk og gi økonomisk støtte til arbeidet Sjømatrådet gjer i eksisterande og nye markeder. Me er avhengig av begge deler for å sikre kontinuerlig vekst i sjømateksporten.
Sildelaget er av den oppfatting at verdiskapinga av norsk pelagisk fisk kunne vore enda større. Her må markeda få vite at dette er miljøvenlege og helsefremjande proteiner. Sildelaget har også jobba tett med Sjømatrådet for å vise fram den flotte norske fiskeflåten og korleis me driv eit bærekraftig og kvalitetseffektivt fiske. Me oppfordrar alltid fiskarane til å vere aktive med bilde og videoar frå livet på havet. Desse kan vere til stor nytte i det viktige arbeidet med å promotere norsk fisk.
Saman med arbeidet Sjømatrådet gjer, er det av stor betydning at våre myndigheter jobbar politisk for å få gode avtalar med andre land, det vere seg kvote- og sone-avtalar for oss fiskarar eller frihandelsavtalar for eksportørane.
Me har, utan sone- avtalar med UK, klart å fiske våre kvotar i eigne farvatn også i året som gjekk. Me har fått avtalar med EU og andre land på nokre artar, og me veit at desse avtalane er krevjande å få på plass. Likevel vil me pushe på for at myndighetene skal forhandle fram gode, langsiktige og rettferdige avtalar på sonetilgang og kvotar. Dette vil skape meir forutsigbarhet og betre muligheter for å planlegge fisket for heile flåten. Det vil også føre til at fiskeria vert både meir lønsomme og enda meir miljøvenlege. Det har også betydning for miljø-sertifisering av dei ulike artane og føre til ei betre forvalting av ressursane. Me forstår at dette er vanskelege forhandlingar når alle skal krevje større andeler, men me vil oppfordre myndighetene til å prioritere dette arbeidet.
Gode handelsavtaler er også veldig viktige. Skal me utvikle meir prosessering her heime, kan me ikkje ha høge tollsatsar på ferdigprodukt ut av Norge. Me ser med bekymring på at våre naboland som fiskar dei same artane me gjer, har betre tilgang til godt betalande marked der Norge har hatt hegemoniet. Kravet om betre avtalar er også sterkt hos industrien og godt belyst i Bearbeidingsrapporten. Skal sjømatnæringa vekse i den takten myndighetene har førespeilt, må Norge oppnå betre handelsavtalar.
Sildelaget ser og støttar arbeidet faglaga gjer for å sikre fisken trygge og uforstyrra gyte- og oppvekstområde og å sikre fiskarane tilgong på tradisjonelle fiskebankar som har vore fangstområde gjennom lange tider. Me anerkjenner også at andre næringar skal få plass på havet, og at «me var her først» ikkje er eit haldbart argument aleine. Det står nå ei stor og ressurssterk næring i strandkanten og ser store muligheter ute i havet, også i område der det er interessekonflikt. Nye rapportar om dei økonomiske og lønsomme mulighetene for vindkraft, mineralutvikling, oppdrett og olje/gass kjem som perler på ei snor, og planane ser ut til å ha stor støtte blant mange politikarar. Me i Sildelaget deler faglaga si bekymring for ei utvikling som ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til fiskeria. Konflikt er ingen tent med , men «førevar»- prinsippet som fiskarane lever fint med når det gjeld fiskeriforskning, bør vere enno meir framtredande når dei nye næringane skal beslaglegge store område ute i havet.
Me i Sildelaget, saman med ei samla næring, etterlyser ein arealplan for alle norske farvatn der fiskeriorganisasjonane sit i førarsetet når det gjeld å finne dei rette områda for våre nye havnæringar. Fiskerinæringa har teke del i utviklinga på lik linje med resten av samfunnet. Det er berre å sjå på våre fiskefartøy, vår fangstteknologi og våre landanlegg. Der er det mykje nyskapande og moderne. Det er kanskje hemskoen med å vere førstemann ute på havet på jakt etter fisk. Det er vår næring som vert utforda av dei nye som no kjem. Me må få lov å hevda vår rett. Fiskerinæringa er verdfull på mange vis. Den må ikkje bli overkøyrd av dei nye aktørane som ber om plass på havet.
Så dette vert oppgåva vår framover; styrke og ivareta samfunnsoppdraget vårt og sikre gode løysingar for heile næringa når det gjeld omsetting av pelagisk fisk. Sildelaget skal sikre ressursuttaket gjennom våre kontrollfunksjonar som går frå innmelding til sluttsetlar. Me skal tilgjengeliggjere råstoff til landanlegga og sikre open og fri konkurranse om fisken. Så eg oppfordrar de årsmøteutsendingar til å kome med innspel, med spørsmål og med forslag. Sildelaget nærmar seg som sagt 100 år, men oppdraget vårt er om mogeleg enno viktigare enn tidlegare, nemlig å ta verdiskapinga i pelagisk fiskerinæring opp til nye høgder.
Eg ser fram til gode diskusjonar med dykk alle disse to dagane. Det manglar som de veit ikkje på problemstillingar som kan diskuterast og sannsynligvis ikkje på løysingar heller. Det gjeld berre å finne dei rette, og det er difor me tillitsvalgde samlast.
Til slutt vil eg takke Sildelaget sine samarbeidspartnarar for eit utmerka samarbeid i 2022.
Eg vil rette ei stor takk til styret, dei tilsette i administrasjonen til Sildelaget og sjølvsagt til de som er utsendingar.
Og så vil eg ynskje alle eit riktig godt årsmøte. Med desse orda erklærer eg det 11. ordinære årsmøtet i Norges Sildesalgslag og det 96. sidan salgslaget vart grunnlagt, for opna.
Tusen takk