Totalkvoten inkluderer avsetjing til Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) for fiske i internasjonalt farvatn på 115 185 tonn.

Noreg har sidan 2016 halde seg til ein kyststatsdel på 26,245 prosent av totalkvoten, og frå årsskiftet 2025 blir norsk totalkvote fastsett til 349 549 tonn, i tråd med den tradisjonelle kyststatsdelen.

Det er sett av 30 tonn til forskingsføremål i 2025. Norsk totalkvote blir fordelt etter same fordelingsnøkkel som tidlegare. Det vil seie 78 prosent til gruppa som fiskar med kolmuletrål, og 22 prosent til pelagisk- og nordsjøtrål.

Reguleringa av fisket etter kolmule i 2025 er i hovudsak ei vidareføring av reguleringa for 2024.

- Reguleringa av kolmule har fungert godt i dei seinare åra. Den bidreg både til stabilitet og er føreseieleg for næringa, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Den 13. desember 2024 inngjekk Noreg og Færøyane ein avtale om soneadgang som gir norske fartøy høve til å fiske 253 234 tonn kolmule i færøysk farvatn i 2025."